tirsdag 13. november 2007

IKT som forvaltningspolitisk drivar for verdas beste offentlege sektor

Fornyingsministeren om nye nettfenomen:
Vi er i dag vitne til ei ny bølgje av innbyggjardeltaking på Internett.
/../
Det er openbert at offentleg sektor kan lære noko av desse fenomena, og vi bør ta dei i bruk i forvaltninga. Kan nokon av desse fenomena vere arenaer kor offentleg sektor engasjerar innbyggjarane i dialog om korleis nye tenester bør utformast? Kan dei vere arenaer der innbyggjarane utformer tenesta? Eg skal ikkje trekke nokon konklusjonar på dette tidspunkt, men det er naudsynt at offentlege verksemder er merksame på korleis våre innbyggarane nyttar nettet. Dette formar nemleg deira forventningar til offentleg tenesteutvikling.

Regjeringa sin ambisjon for bruk av IKT i offentleg sektor er at sektoren skal stå rusta til å møte dagens og framtidas forventningar. Vi må følgje med. Vi må forstå kva som skjer. Folk brukar ikkje Internett kun til informasjonssøk. Nye nettfenomen representerer ei ny form for deltaking på Internett. - Offentlege styresmakter har noko å lære av nye nettfenom som YouTube, MySpace, Facebook og Wikipedia.

Ingen kommentarer: